fredag 23. juli 2010

Harre pittar

I natt var eg med i ein skrekkfilm og datt nesten ned i eit hol to gonger. Eg måtte opne augo heilt opp og blunke mange gonger for å slutta å vera redd.

onsdag 21. juli 2010

Cry Baby

Eg er ganske kresen på filmar. Eg kjøper dei nesten berre om eg har sett dei før og veit at dei er fantastiske, og difor er det ei litt beskjeden men høgt elska samling som står i hylla mi. Midt i, omlag fire hakk til venstre står Cry Baby.

Sjå han for kleda, for Johnny Depp, for sangane, for liksomklisjéane eller for den fine boblekjensla innimellom brystet og magen.



mandag 19. juli 2010

Den finaste helga nokon gong

Det byrja med raude roser i ei brun hand, makronar i ei anna og heldigvis så hadde me ikkje gløymt korleis ein kyssar, eg lurte litt på det. Etter det kom alt som perler på ei snor, og kvar perle var av den typen ein må dykka minst hundre meter for å finna, og når ein tek ho med til overflata og ser kor fint ho skin vil ein gøyma ho vekk og visa ho til barnebarn og alle som vil. Jungelmiddag og drivhus, hyllebæring og endeleg, endeleg ser eg korleis rommet mitt skal bli og eg ser at det kan bli frykteleg fint om eg ikkje passar meg. Tida hadde på seg sjumilsstøvlar og plutseleg sat me der i trusa, på golvet med eiffeltårnet som skal puslast oppover.


onsdag 14. juli 2010

Hol i hovudet

Om berre éin dag reisar eg til Oslo. Berre ein. Snegledagane har snegla seg så seint som ein aldri skulle tru at nokon kunne bu, og eg har venta hol i hovudet medan eg har hekla mormorteppe. EG GLER MEG! Mest til Mathias, men òg til makronar og diskusjonar med erlendperlen om vår framtidige karriere som internasjonale rockestjerner. Og vin.

mandag 12. juli 2010

Hjarte

Gamle menneske. Helst skulle ein kryssforhøyra dei kvar dag, og skriva ned alt det fine som kjem ut av dei. Og så fekk ein vel ta med ein rap her og der, eller gorp, som mormor mi seier.
- Eg berre gorpar litt eg.
Kvar dag går ho på tur med trillasen (les: rullatoren) og etterpå ser ho på macen (les: macGyver). Han er no frykteleg lur, og sjølv om ho har sett alle episodane tre gonger så er det like spanande for ho huskar vel ikkje korleis det endar kvar gong. Tenk, ho er nittitre år gamal, og finast i verda.

<3

lørdag 10. juli 2010

Ord frå andre munnar

- hvordan kommer jeg meg til Oslo?
Liten gut på sykkel, Carl Berner

- nå er vi på Bislett.
Dame til venninnene sine, på Carl Berner

- at noen kan bo her skjønner jeg ikke!
Eldre mann, gestikulerande på Carl Berner.

- ikke kjør bil! Dumme bil!
Lapp festa til fancy bil saman med ein blom, Carl Berner vel.


Herifrå

onsdag 7. juli 2010

Litt om ikkje noko i det heile

Ho var så kvit, nokre av dei andre kviskra om elfenben, ho hadde aldri sett eit elfenben men noko fint var det i alle fall, ho sveva bortover som ei dronning og kikka seg ikkje attende. Om ein går for lenge med nasen i sky, kan det skje frykteleg mykje ein ikkje hadde rekna med frå byrjinga av. For eksempel så kikkar ein ned, heilt der nede er Klepp, alt er grått og ein kan ikkje anna enn å grina. Det var nettopp det som skjedde med skya, og nett no er ho like grå som ein elefant.

Akkurat, eit innlegg om veret. For ein pensjonist eg skal bli!

søndag 4. juli 2010

Lengsel på ein sundag

Eg saknar

¤ nokon å laga middag med
¤ evige sommarferiar
¤ grünerløkka
¤ pengar som kan brukast på fine ting
¤ gresk mat og sand i trusa
¤ oslogitaren, kleppgitaren er uskikkeleg
¤ PARIS
¤ alt med Mathias i

torsdag 1. juli 2010

Whip it

Eg har likt Ellen Paige sidan eg såg Juno, og nett no likte eg ho igjen. I Whip it er det rulleskøyter og griseforkle og best av alt; så mange sterke og uredde jenter at ein får lyst til å springa ut å realisera alle draumar ein nokon gong har drøymt.






Sjå han vel!