søndag 31. juli 2011

Du finaste sundagsmorgon

Kor fint er det ikkje å vakna av ein foss som brusar? Endeleg endeleg har eg og Mathias fått nøklane i hånda, tatt på putetrekk og hengt opp kjøleskapsmagnetar i ein heilt ny leilighet. Ny for oss, i alle fall. I eit halvt år skal me vakna av fossen kvar dag, snakka med fiskane som skal heitta Fatso og kanskje Hugo, laga mat på den rare kjøkkenbenken, og planta blomar i blomekassa på balkongen. Nevnte eg at me har utsikt over heile Oslo? O lykke.

lørdag 30. juli 2011

To ting ein kan gjera for å tenka på noko anna



Eta sushi og pusla eiffeltårnet.

mandag 25. juli 2011

Regn ute, regn inne

Dei siste dagane har vore rolege og vonde, men fulle av vakre ord. I dag var rådhusplassen så full som eg aldri har sett han, og det var så fint å få koma der og kjenna korleis me står saman etter ei sånn tragedie. Me har sete fast framfor fjernsynet dei siste dagane, men me kjente òg at det var viktig å ta pausar og gjera noko anna. Så då gjekk me tur i regnet, Alvilde og Mathias og eg.

torsdag 21. juli 2011

Byfint

Luring i fargerike butikkar

Den fine kjolen som ikkje fekk vera med heim

Dei raude skoa som fekk vera med heim likevel


Og til slutt noko godt.

søndag 17. juli 2011

Akkurat no

Det raraste: at eg plutseleg ikkje er student meir.
Det finaste: at eg snart skal dela gryter, dopapir og tannkrem med han eg likar best.
Det skumlaste: at eg kanskje får bu i København etter jul. KØBENHAVN. Det skumle er at det berre er kanskje.
Det bestaste: regn utanfor vindauget og teppe kring føtene.
Det morsomste: Big Bang Theory. Nerdehumor <3
Det vakraste: jenter i blome/prikke/kragekjolar med raud leppestift.
Det søtaste: ein kattepus som maler og krøllar seg og pusar seg.
Det dummaste: at eg gløymde å kjøpa balsam. Her snakkar me luksusproblem.

søndag 10. juli 2011

Bakgårdslykke

Oslo, eg har sakna deg!
Av og til gløymer eg av kor glad eg er i Oslo, reiser vekk og tenker at det skal bli godt å pusta frisk luft igjen, sjå ein sau og sånn. Så kjem eg tilbake, pustar byluft og trør på asfalt, held hender med Oslokjærasten, tenker at berre Oslo er Oslo, at eg høyrer til og at det er fint. Då er det berre å springa ut i parken, dyppa tærne i akerselva, og aller helst sitta på ein terasse høgt oppe med ei øl i handa. Og tenka på kor mange vakre bakgårdar som sikkert finns rett i nærleiken.

 

torsdag 7. juli 2011

Hejdå

Ei vidunderleg veke full av:
# kortspel
# teater på ei øy
# morgonmusikk i Stavanger
# heimelaga mat som eg ikkje har laga sjølv
# frokostar som fyllar opp eit heilt bord
# kjærasttelefonar midt på natta
# feber og sjokolade
# bittesmå mennesker som smilar
# verdas finaste mor

No snur eg nasen tilbake til Oslo, der ventar så mykje fint at det kunne bli ei liste til. Det blir det ikkje, litt søvn skal ein jo òg ha.

mandag 4. juli 2011

Litt sakn på ein mandag

Eg tok toget heim til mor, det var så forsinka at eg byrja å snakka med ein eg aldri har snakka med før, det skulle seia noko om kor mykje eg kjeda meg fordi eg ikkje er ein sånn person som byrjar å snakka med ein eg aldri har snakka med sånn utan vidare. Det tørr eg jo ikkje. På lange togreiser skulle ein ha med seg ein sånn som snakkar med alle, kitlar babyar under haka og spør om korleis drøymehuset ditt ser ut, som ler av deg sjølv om det eigentleg ikkje var morosamt, det du sa. Eg kjenner ei sånn. Men no kan eg ikkje lenger kikka gjennom nøkkelholet for å sjå om lyset er på, spela yatzy i den raude sofaen og gå på rimi fordi me berre må ha eit eller anna som me ikkje veit kva er enno. Teit. Men fint òg, fint å kjenna eit så sjeldent menneske og få vera venn med det.


fredag 1. juli 2011

Heim til mor

Eg dreg heim til kuer, regn og vind, flunkande nye mennesker og nokre gamle. Ingen sommar utan vandring i stavangergater, lesing og kaffidrikking på Bøker & Børst, og mormorbesøk, seier eg.