lørdag 26. januar 2013

Laurdagsgleder

Å vakna opp klokka ti, og eta sjokolade i senga

Å merka at denne dagen blir bra, nesten før ein åpner augo

Blomar i ein kopp

At det er varmare enn i går, sånn at me kan kviskra om vår

Å lesa bok på kafé, og smuglytta på folk som snakkar fransk

Besøk frå ein fin Oslovenn

Fine bygningar som har så mange vindauge at dei nesten ikkje får plass

At det fins kald øl som ventar på meg

At skoa mine er raude








søndag 20. januar 2013

Sundag




Denne helga har London blitt heilt kvit. Så kvit at det knirkar under føtene når ein går! I dag har me gått lang tur, hatt snøballkrig med framande, og sett på folk som aker på skilt. Me har lært at Londonfolk blir meir gira enn Oslofolk når det kjem snø, og at komle er den ultimate middagen (neidå, det siste har me visst lenge). No er eg akkurat sånn trøtt i kroppen som ein blir av ein lang dag i snøen. Litt som å vera liten igjen!

mandag 14. januar 2013

To fine ting frå dei to siste dagane


 
1. Pastellkjærleik i Notting Hill

2. Pære- og sjokoladekake på kafé i Angel

lørdag 12. januar 2013

Kom inn

No byrjer Londonheimen vår å bli ganske fin, så eg tenkte eg skulle visa han fram litt. Jei!









mandag 7. januar 2013

Storby


London, altså. Som til no har vore så stor og skummel, og i alle fall ikkje min by. Så plutseleg, ein dag eg sykla heim frå Kings Cross med svett panne, så kjente eg det. At eg er glad i mursteinhus, og i chips med eddik.
Litt min. 

lørdag 5. januar 2013

2012

Året då...

 ...me såg ferdig Six Feet Under, og eg bestemte at det er den annt beste serien nokon sinne

...eg flytta til København for å synga, og hadde det så fint at det kriblar i magen når eg tenker på det

Foto: Guro Høimyr


...eg veide for og imot om eg skulle ta med det gule teppet eller den varme ullgensaren til London. Det vart skyelampen i staden

...eg fekk meg ein ordentleg jobb

...eg farga håret Pippi-raudt



...dei beste filmane eg såg var Moonrise Kingdom, Carrie og Hobbiten.

...eg fant meg eit band, og fekk nye Londonvennar med på kjøpet

...eg sykla til jobb langs Akerselva på bestemorssykkelen, heile sommaren med vind i håret


 ...eg vart enno gladare i Mathias (noko eg trudde var umogleg)

...eg oppdaga ingefærøl og søtpotet



...eg sakna Oslo og Oslofolk

...eg vart litt modigare

...eg hadde nesten ingen penger, men var glad likevel 

Sånn! No kan bloggen få vera med inn i 2013, saman med oss andre. Eg er spent på kva som skal skje i det nye året. Eg gler meg til å smaka på ny mat, sjå nye filmar, gjera ting eg ikkje har gjort før, og til å gjera ting som gjer meg blid og glad. Den første dagen i det nye året starta med ein Londonleilighet full av fine Oslofolk, med english breakfast og kortspel. Det lovar godt.