mandag 26. september 2011

Mandagsfint

Mathias har reist til Molde for å filma litt, men eg har fri! Det betyr kafé med meg sjølv, telys i vindauget, brownies frå igår og litt kvalitetstid saman med denne gjengen. Mine favorittar er Kurt og Brittany. Kven er dine?
herifrå

onsdag 21. september 2011

Kulturnatt

På fredag sprang eg og Mathias rundt i byen for å få med oss mest mogleg kultur. Hurra for gratis osloarrangement! Me starta på matfestivalen på aker brygge. Der fekk me så mange smaksprøvar at me nesten blei mette. Så glei me vidare til småflaskemuseet, som var fullt av småflasker. Me tenkte at det sikkert var heilt okei, men det var faktisk veldig kjekt! Det toppa seg då eg fann sklia, som ein kunne velga i plassen for å gå trappa. I løpet av kvelden var me innom fransk kultursenter for litt vin og kortfilm, quiz på nasjonalbiblioteket, origamikurs og konsert. Fin kveld!



mandag 19. september 2011

Ein to tre fir


I dag er ein fin dag, fordi det er fire år sidan Mathias spurte meg om me ikkje snart skulle kyssa. Fire år! Det feirar me med sushi, roser, skrapelodd, monopol, og sjølvsagt kyssing.

lørdag 17. september 2011

Home is where the heart is

Her bur hjartet mitt, og mathias sitt. I betongblokka som stikk opp av alle trea. Me har ikkje budd her så lenge, men eg syns me har fått det ganske fint!

Noko av det finaste er fiskebolla. Her driv Joakim og Anne-Lise med yndlingshobbyen sin. Symjing.

Globusen!

På kjøkkenet står søstrene grene bak nesten alt det fine.

Kjolane får henga ute og lufta seg, det trur eg dei likar godt.

I ei hylle står dvdane mine, mathias sine får ikkje plass på eit bilete, sidan han er ein filmnerd. Eg kjøpar berre dei eg likar aller aller best.

Noko eg aldri har hatt før: ei platesamling. Eg gler meg til å utvida ho!

I sommar fekk eg ein kommode av mormora til mathias sånn heilt utan vidare. Ho hadde tenkt å hiva han, men ga han til meg sidan eg ikkje klarte å gå forbi utan å stryka han.

Eg likar rosiner.

Ovanfor senga heng fine augneblinkar og litt historie på ei snor.

Spelehjørnet. Spelehydna, på dialekta mi.

Tenk, me har ein balkong! Den har morgonsol og utsikt til mange hundre tre.

Og oss då. Oss to i Oslo.

tirsdag 13. september 2011

Regn er fint når

¤ det kjem pakke i posten som ein ikkje visste om og så blir ein heilt sånn hæ? Til meg?
¤ ein finn facebook-versjonen av eit spel ein likar kjempegodt, for eksempel monopol
¤ ein kan gjøyma seg under teppet/bak kjærasten og halda seg for øyrene mens ein har det eine auge bittelitt på gløtt, sånn at ein ikkje skal skvetta så fælt av skrekkfilmen
¤ ein kan hoppa i pyttane med raudprikkete gummistøvlar
¤ ein kjem inn og tek av alle dei våte kleda, for så å smyga seg inn i ei mjuk joggebukse
¤ ein kan planlegga reiser til fine byar, besøk frå fine mødre, 4-årsdag med kjærasten eller berre ei litt ekstra fin helg
¤ ein treng éi unnskyldning til for å sleppa å springa på joggetur
¤ ein har noko godt i posen
 

torsdag 8. september 2011

Ein kjem langt med tre gir og litt kjærleik

Før regnet kom sykla me tur rundt Maridalsvatnet. Det innebar fleire drikke- og hoppepausar, for det kjekkaste med å vera på tur er jo at ein kan ta pausar.


Photobucket

mandag 5. september 2011

Sykt lykkelig

I dag har eg ein sånn dag der eg heile tida tek meg i å smila, på bussen, over kaffikoppen, til avisa, under dyna. Fine ting i dag er ni plommer i ei skål, kaffi med sjokolade og nype, Louis Armstrong som dirrar på platespelaren og korøving med fine korjenter. Sånn ellers er Sykt lykkelig ein ordentlig fin film, som til og med har blitt valgt ut til å vera Noregs oscar-kandidat. Tenkte berre å nevna det.


lørdag 3. september 2011

Haust =

plommer! Raude gule søte sure plommer som veks på treet, eller i butikken for dei utan tre. Eg er utan tre, men kva gjer vel det! Plommer er så godt at eg må nødrima.

Plums

torsdag 1. september 2011

Bzz?

Ein dag i sommar var fluene litt ekstra plagsomme. Og store! (Me er ikkje galne)