lørdag 28. mai 2011

Osten

Hihi!

torsdag 26. mai 2011

Om verda var eit bondesjakkspel var du eit armband

HURRA! No er eksamen bak ein haug, eg overlevde med helsa i behold og blei møtt av ein fin kjærast som tok meg med på restaurant med fleire rettar til og med. Etterpå hoppa me paradis og spelte utandørsbondesjakk, eg ser sur ut men det er berre fordi eg tenkar så sjukt hardt. Bondesjakk <3


lørdag 21. mai 2011

Orm i Oslo


Midt imellom all eksamenslesinga fann eg og Mathias ein orm som stakk opp av bakken. No er me vennar på facebook! Neidå. Ormar har jo ikkje facebook.

torsdag 19. mai 2011

17.mai-fliken

Eg har ein eigen flik av hjarta mitt som heiter 17.mai-fliken. Fordi eg elskar å ete pølser og fordi føtene mine byrjar å marsjera av seg sjølv når dei høyrer korpsmusikk. Her er ni augneblink frå ein sjukt fin dag.

Frokost skal det vera.

Kjekk ass.

Me feira Noreg med litt offentleg kyssing.

Og fletter sjølvsagt.

Laila og Mette Amalie var frykteleg søte, sånn som dei pleier å vera.

Mathias har eigentleg verdas minste øyrer, men eg trur ikkje eigentleg ein ser det på dette bilete. Synd.

Me hoppa inn i toget slik at me òg skulle få vinka til kongen. Eg blei kjempeglad!

Å få gå med bunad var nesten det finaste med heile dagen. Eg er heilt forelska i min, som er nødt til å vera verdas finaste. Fattar ikkje at eg hadde så god smak då eg var fjorten.

Ballongane flaug opp til skyene og me gjekk heim til sprudlevin og spelekameratar. Akkurat perfekt.

søndag 15. mai 2011

Noko eg gjerne skulle hatt om halsen

Kipekee er ein nettbutikk med supersøte ting i , nett no har dei ein konkurranse og eg har lyst til å vinna eit av kameraa deira meir enn alt. Helst må det vera ein Diana F+ mini Love is in the air. Mitt gamle kamera er dødt, eg ønskar meg ein ny ven! Sjå berre kor fin ho er med skyer på <3


Link til sida som kamerat gøymer seg på er her, og link til film er her. Det må ein jo òg ha.

lørdag 14. mai 2011

Lykka er ein marsipankval

Eg seier litt lite om dagen, men det er berre fordi eg les så mykje. Då kan det vera fint å veia opp med å seia litt mindre. Heldigvis er det fullt av små fine augneblinkar innimellom alle orda, gras under tærne og sol i nakken, ein iskald lemonade på ein fin kafé, å sitta på sida av ein mann som luktar akkurat som ein bil, og å høyra på korleis menneska endrar lydane sine når kveldane blir varme. Nett no: å eta ein marsipankval.

torsdag 5. mai 2011

Der ingen skulle tru at eit blometre kunne bu


Midt i Carl Berner-krysset.

onsdag 4. mai 2011

Onsdagsmorgon

Eg vaknar sjølv om eg ikkje vil, dusjar sjølv om eg ikkje vil, et frokost sjølv om eg ikkje vil. Så pustar du. Litt høgare enn før, vrir deg bittelitt, og eg ser på at kroppen min smyg seg inntil din, sånn som eg gjorde då eg var lita og ikkje ville vekka mor, berre høyra ho sove. Eg høyrar på at du søv, akkurat no så elskar eg deg så mykje at hjarte vil sprenga, eg gret og du seiar at det er noko klissete på skuldra di. Du seier: lukk augene. Eg lukkar, og du tek meg med til Paris, me går i Champs-Élysées og eg får fem lakrismakronar i handa. Me søv, eg me klede, du naken, eg drøymer om granateple og du om trolldeig. Du spør om eg er laga for å gjera deg glad, og det er eg jo, biologisk predisponert for å gleda deg. Me står opp og panneluggen min har blitt til eit roteloft.

mandag 2. mai 2011

Ser du sola du Ola

Sånn som ein kan gjera når sola bestemmer seg for å strekka solstrålene ekstra langt. Grilla på ein balkong midt i eit kryss i ein by kor trikkane ikkje har tak.