mandag 30. august 2010

Om å notera

Eg har ei notatbok som eg noterar litt i kvar dag, ho er blå, eg likar ho, og her er nokre sider som ein kan bla i om ein har lyst.







søndag 29. august 2010

Farbror melker, varför badar du alltid med kläderna på?


herifrå
Omsider slo internettet rot i Grenseveien 10, og eg veit ikkje anna enn å feira med mitt yndlingssitat frå Vi på Saltkråkan, som eg elskar høgt og lågt og midt i.

tirsdag 24. august 2010

Lyden av sølepyttar

15 millimeter regn skulle det koma. Er ikkje det frytelig lite? Er ikkje ein millimeter ei lita lus berre?
Femten lus? Det kan eg klara.

Eg hoppar rundt og høyrer på lydane i sølepyttane, saknar musikkboksen min med heile hjartet og med øyrene og, ser ekstra nøye på alle for å sjå om eg eigentleg veit kven dei er, og sånn går no dagan. Fine Oslo.

Forresten, eg og Alvilde blei einige om at dette må vera nesten den finaste linja å byrja ein song med. I alle fall når det er Regina Spektor som byrjar.

It's like forgetting the words to your favorite song


Og så veit ein korleis det kjennes med ein gong.

lørdag 21. august 2010

Kollektivliv

No har me sove under same tak (som kan detta ned om ein skiftar lyspære) fem netter, Alvilde og Hanne og eg. Så fint å koma heim til nokon som spør korleis ein har det, eller kva ein har gjort, og så får ein fortelja det sjølv om det eigentleg ikkje er interessant i det heile tatt. Og alt er lov, ein kan sjå fem episodar av gilmore girls etter kvarandre eller grina på golvet fordi ein ikkje klarar å henga opp dei satans skohyllene og har laga seks store hol i den nyoppussa veggen.

søndag 15. august 2010

Lysglimt frå ei bortgjøymd verd

Om nokon der ute skulle koma til å lura bittelitt på om eg har blitt kidnappa eller sit fast i do, så gjer eg ikkje det. Eg er berre heilt utan internett, og nett no sit eg på ein kafé på carl berner med ein mann som kikkar meg over skuldra, Tracy Chapman lurar på om eg har ein rask bil, Alvilde har komt heim og snart skal me laga muffinsar med seigmenn og grønn melis. Eg gler meg til å kunna skriva på mitt eige rom, ikkje her eller der ein gong i veka. Så, eg tar ferie berre litt til.

onsdag 4. august 2010

Akkurat no



Å hekla små lappar med ei mormor som veit alt om alle, som slår hendene saman og seier er det sant når ho får høyra noko ho ikkje visste. Å høyra ein liten stemme som syng dyrene i afrika, på kassett, vita at det finns minner om meg som ikkje er mine. Å kjenna at det boblar ein stad på innsida, at freden har senka seg men at det manglar ein meter før han treff botn.

mandag 2. august 2010

No kjem det noko

I ei vidunderleg veke har eg vore hekla inn i regndråpar og karusellar, varme hender og daimboller. Det skulle berre eit menneske til for å gjera Klepp til den mest romantiske staden i verda, kven hadde vel trudd det? Eg er full av fryd og gammen, eg veit ikkje kva gammen er men om det finns så er det noko frykteleg fint, om fire dagar flyttar eg attende til Oslo og heile verda ligg og ventar på at eg skal finne ho. I dag er det så lett å vere lukkeleg at hjælp.



Gut: Kan eg prøva gravemaskinen din?
Frøydis: Nei.
(Eg likar å grava og dessutan hadde eg nett satt meg ned)


Den finaste gata i Stavanger, berre synd at ho er så kort.


Eg vann eg vann! (På ebay, og eg måtte betala)(men eg vann)


Me måtte tenka oppover, vanskeleg om ein ikkje har trening.


Sjø og kjærleik, me sang Sea of Love og eg vart blaut oppi støvelen.