fredag 31. desember 2010

Den siste torsdagen i året

Me sov lengre enn lengst, vakna opp inntil kvarandre og låg i skje enno ein time sjølv om resten av byen hadde stått opp for lenge sida. Omsider tusla me oss ned til Grünerløkka og fekk eta pannekaker og gresk yoghurt og blåbærmilkshake. Og Mathias var ekstra fin i julegavegensaren sin.








































 Uvisst korleis havna me på Paleet, der delte me et heilt nanbrød, storetarane. Eg nøys.







































Midt på natta laga me snickers-snop. Det var nesten yndlingssnopet mitt då eg var lita, og no har eg endeleg fått fingrane i oppskrifta.








Me dansa litt på gangen og eg fekk vifta med den nye kjolen min.







































No er det snart eit heilt nytt år, og det er eigentleg ingen som heilt veit kva som kjem til å skje. Det syns eg er fint å tenka på. Godt nyttår til alle finingar!

onsdag 29. desember 2010

Home is where the heart is

I dag ankom eg hovudstaden med tidenes tungaste koffert. Og tidenes største smil, for eg fekk gøyma meg i Mathiasarmane igjen, og eg fekk lena meg utover balkongen for å sjå på alle dei små nissane i reisen til julestjernen. Nyttårsforsett: gå meir på teater.

kjelde

tirsdag 28. desember 2010

Totusenogti

Året då:
alle buksene mine vart øydelagde samtidig. Eg tok det som eit teikn på at dei ikkje likte meg lenger, og oppdaga at eg ikkje likte dei heller.

eg fekk vakna på sida av kjærleiken frå januar til juni.

Hanne, Alvilde og eg laga eit kollektiv. Det vart eit pusterom der me fekk grina og ropa og surmula, men mest av alt fekk me smila og skriva hjartelappar og sjå disneyfilmar.

me blåste støv av yatzyen.

eg rakk å bli avhengig av å eta sushi, og så av å ikkje eta sushi.

eg åt ein makron for første gong. Me tygga og såg på kvarandre.


eg fekk pusta parisluft igjen og laga nye parisminner


mor og dotter tok Praha med storm


























eg vart kjent med Alvilde. Fantastiske Alvilde som har så mykje kjærleik i seg.


























 me kyssa meir enn alt.

søndag 26. desember 2010

Sundagsshopping

Kva gjer ein når ein har mykje tid og lite å gjera? Handlar på play.com, vel. I dag har eg sikra meg desse fire godbitane, og eg gler meg ein heil lastebil til å reisa tilbake til Oslo og krypa under dyna med kjærast og film.



Eg døyr etter å sjå sesong to, for sesong éin var så fin at åh.

 

Då eg og Mathias kom ut frå kinosalen etter me hadde sett denne filmen, måtte me ula litt. Eg likar filmar som får meg til å villa gjera noko.



Hei på deg, Edward.



Eg leide Ghost World på vhs då eg var omlag tretten år. Eg hugsar berre at eg tenkte dei såg enno rarare ut enn meg.

lørdag 25. desember 2010

Jul og bittelitt sommar

Å, finaste jul! Eg har ete meg altfor mett på pinnekjøt, testa quizkunnskapar mot resten av familien, og helst på heilt nye, bittesmå familiemedlem. Streptokokkane er på veg til blokksberg, og i dag har eg gått meg ein tur heilt aleine. Berre for å kjenna på kor fint det er å vera frisk. Og for å smaka på snøfnugga som har funne veien heilt til Vestlandet, tenk det.

Eg har gjort eit tappert forsøk på å bli venn med kameraet til mor, utan hell. Eigentleg skulle eg visa noko av det fine eg fekk til jul, i staden fekk eg eit sommarbilete utanfor huset til mor.

torsdag 23. desember 2010

Overflødig informasjon

Her kjem litt overflødig informasjon om meg, overflod kan jo vera fint.

Då eg var lita budde eg på Svaldbar og snakka ein rar krysning mellom sørlandsk og nordnorsk.

Eg elskar å gå på skøyter, og eigentleg seier eg skjesse i staden for skøyter.

Ein av dei beste tinga eg veit er å gå aleine på kafé, då kosar eg meg alt eg kan og skriv ned kva alle rundt meg driv med.

Eg kan bli heilt avhengig av små spel, som det her, som eg spelte med meg sjølv i mange veker på folkehøgskulen.

Noko av det som gjer meg gladast er å sjå på menneske som er glade i kvarandre, gamle folk som held hender og unge folk som kyssar på t-banen.

Chris & Jessica Engagement - Falling

Fargar har stor innverkning på meg, eg blir dratt mot alt som er litt ekstra grønt eller gult eller blått. Difor liker eg ikkje filmar i svart-kvitt, og difor vil eg ha kjolar i alle regnbuens fargar.

For omlag tre år sidan kjøpte eg klede i guteavdelinga og hadde skikkeleg kort hår. No er eg jentejente, det syns både eg og Mathias er fint.

Eg vil at ting skal vera spennande, eg klemmer ikkje på julegavar og eg vil ikkje vita kven som ledar i yatzy.

Eg elskar å vera heime aleine. Då syng eg opera og snakkar med meg sjølv på engelsk.

onsdag 22. desember 2010

Ynskje

I dette innlegget er det ingen bilder. Det er mest av alt fordi eg ikkje har noko kamera, ikkje noko linsedeksel og ikkje noko kameraveske. Det skulle eg gjerne hatt. Så kunne eg tatt bilde av snøstormen som syng i veggane, gule negler og blomekjolar som svingar. Nesten alle bildene her inne har eg lånt frå kjærasten min, han har kamera og linsedeksel og kameraveske og det skulle eg gjerne hatt. Eg seier det litt ekstra høgt nå rett før jul, berre sånn fordi.

søndag 19. desember 2010

Pust ut pust inn

Sjuk. Au i halsen. Det er jul og eg er sjuk, eg er sjuk og det er jul. Heldigvis har eg fin kjærast som kjem med paracet og gave og loff og sånn eplemost som eg berre trudde fantes i Rogaland. Og snart er det håndballfinale, som betyr litt spenning på ein grå dag, i alle fall for sånne som meg som har vokse opp med ein familie som set alt på pause når det skjer noko sportsleg på tv. Eg er glad altså.

Ein sånn skal eg drikka når eg får lov av halsen.

lørdag 18. desember 2010

Hei Grundig



Eg bur i ein stor mursteinklump.

onsdag 15. desember 2010

Om å vera på veg til noko

Ein gong var det nokon som sa at livet handlar om å vera på veg til noko. Eg hugsar ikkje kven det var, men eg syns det var gruseleg lurt sagt. Det er jo det me gjer heile tida; gler oss til ting, jobbar mot ting og ventar på ting. Eg tenker ofte at berre litt til, så blir det bra, når eg har gjort sånn og når det har skjedd, så blir det betre. Men det blir det ikkje alltid, for av og til er det like fint å vera på veg til noko som å koma fram.

Det var ei lita påminning til meg sjølv og til dei som vil. Akkurat no er som regel ikkje så verst. Akkurat no sit eg på eit varmt rom med ein mandarin i hånda, på kjøkkenet står ein fin kar og lagar middag, og sjølv om eg ikkje anar kva eg driv med eller kva eg skal bli så har eg det søren klype meg fint fordetom.

tirsdag 14. desember 2010

Happy bodybuilding


























Eg er superglad inni bodybuilderjakken min fordi eg er ferdig med eksamen, je suis finie, j l'ai terminé! No skal eg berre sjå håndball og Pushing Daisies og spela yatzy og drikka kakao og gjera akkurat det eg vil. Og så kan jula koma på ordentleg.

Ps. som belønning fekk eg ein blåblomete kjole av meg sjølv, så fin <3

mandag 13. desember 2010

Verdas beste bursdagdag

I går var det akkurat tjueto år sidan eg åpna munnen for første gong. Eg sa Æ, av alle vokalar valgte eg æ og det valget står eg for den dag i dag. Eg vakna til fire julekalendarar og ein litt trøyt kjærast som henta store fine pakkar med squash-rackettar og filmar i. Så var det kaféfrokost med tunfisk og sol i ansiktet, og ny lue, tenk det.


Av finaste Alvilde fekk eg bursdagskrone, det har eg ikkje hatt sidan eg var lita og derfor var det heilt perfekt. Og oreokake, Hanne laga kake og det var ei oreokake. Ord kan ikkje beskriva kor glad magen min vart.


Innimellom alt det fine måtte eg snakka fransk med meg sjølv, for i morgon skal eg snakka om franskmenn som drikk alkohol på jobben og om homofile som vil gifta seg. Eksamen. På fransk. Eg døyr litt når eg tenker på det.





















Heilt til slutt fekk eg ta med meg Alvilde og Mathias og Hanne og Solveig på indisk restaurant, indisk mat er så sjukt godt og på Albertine på Bislett smakar det akkurat sånn som det skal smaka. Det syns Hanne og Solveig òg, sjå kor søte dei er!






















Heilt til slutt sovna eg der eg søv best, på sida av han som er finast i heile verda.

torsdag 9. desember 2010

Pakke i posten (lyspunkt i ein elles grå dag)

I dag fant eg ein hentelapp i postkassen. Det er alltid eg som hentar posten i kollektivet vårt fordi eg likar så godt å kikka inn i postkassa, sjølv om det berre er reklame kanskje 70 prosent av tida. I pakken min låg det nokre store og nokre små gavar, dei fleste får eg ikkje pakka opp enno, eg må venta til bursdagen og no ligg dei og smiler til meg i lenestolen. Det er fint. Mi herlege mor har kjøpt marsipan og flaxlodd til heile kollektivet, og eg byrjer å lure på om ho ikkje må vera den søtaste i verda. Og enno finare, eit kort med fin kalligrafiskrift og sånne ord som dette:

Musikk er kjærleik som leitar etter ord 

 Himmelhøgt fint, eg blei omlag så glad:


kjelde
 

tirsdag 7. desember 2010

Jenny be good

Sundag var delt i to; ein glamorøs del og ein ikkje fullt så spennande. Eksamenslesing er ikkje det kjekkaste eg veit, men det hjelper å ha noko fint å gleda seg til seinare på dagen! Om kvelden hadde koret eg syng i ein minikonsert på Månefisken, saman med to andre band. Det eine bandet heiter Jenny be good, og er fullt av paljettar, høge hælar, superflinke musikarar og finaste Julie som korar. For eit band seier eg berre. Sjekk dei ut her, eller sjå på videoen.

mandag 6. desember 2010

Ein ting

Eg kjenner at eg må skryta litt av kjærasten min igjen. Han og nokre andre finingar har laga ein reklamefilm for komplett.no, det er ein konkurranse og om dei vinn kan dei få symja blant dei andre reklamane på tv. Og det er jo ikkje til å kimsa av. Eg smiler litt kvar gong eg ser han, smiler du?

lørdag 4. desember 2010

Å bli/verte

Å trykka nasen inntil ruta, så hardt du kan men ikkje så hardt at glaset knusar, verda er litt for stor og ein kjem ikkje langt med ein øydelagt nase. Hendene kriblar utan mål og meining, veit ikkje kva dei skal ta tak i men det må jo finnast noko som går an å halda fast. Føtene vil trø på noko anna, det er vanskeleg å laga fotspor i asfalten, her trengs sand eller aller helst blaut sement. I hovudet sym tankane rundt, dei er einsamme, finn ikkje kvarandre, alle har mobil men ingen hugsar nummeret.

Er det sånn at alle må bli noko?
Eg har for augonblinken nok med å bli tjueto.

onsdag 1. desember 2010

Eksamensmodus

Eg har øvd meg på å ikkje stressa før eksamen i mange år no, og ganske ofte får eg det til. Her er mine tips til korleis ein kan ha eit fint liv sjølv om det ligg ein eksamensmurstein på kvar skulder.

o Søvn er nøkkelen til alt som er fint og til produktivitet. Om du legg deg seint får du lov til å stå opp litt seinare.

o Om du blir stressa fordi det er sjukt mykje du ikkje har gjort; hugs at det ikkje hjelper noko som helst å bekymra seg. Prøv å slappa av når du slappar av.

o Lag ein plan. Det gjer sikkert dei fleste, men eg seier det lell.

o Sett av tid til å gjera ingenting. Bruk ho til å sjå på snøen, drikka kakao og høyra på musikk som treff deg i magen på ein fin og beroligande måte.

o Ta mange pausar! Det finns ein leseteknikk som heiter pomodoro der ein jobbar 25 minutt om gongen, med pausar på 5 minutt imellom. Og stoppeklokke.

o Sjølv om det fristar; ikkje isoler deg heilt dei timane du har fri, treff fine vennar og snakk om andre ting enn eksamen.

o Sist og viktigast; det er berre eksamen. Med trykk på berre.

(Lykke til)

søndag 28. november 2010

Hei advent!

¤ snø som sprett fram bak persiennene
¤ adventslys og advendtssang, me måtte googla teksten for å sjekka kven som sang feil
¤ himmelen i kakaoform: På cocoa on the gogo med oreos-strø
¤ tenning av julegran (som me gjekk glipp av, men me fekk gløgg, så det så)
¤ kinderegg og måping då mathias erklærte at han likar best å få ting som ikkje må byggast i egget

I morgon er det eksamen og eg er ein kald fisk. Eg trur på å kopla ut ledningen dagen før eksamen, sånn at hjernen får kvila litt. Siste kvileinnspurt: disneyfilm og sørlandschips i gigasenga til Hanne.

tirsdag 23. november 2010

Tankar frå ein fryseboks

Vaktfuglane klarar ikkje å stenge kulda ute, så eg tenner stearinlys og seier oppmuntrande ord til ovnen. Han er ikkje i godt humør og det går ut over meg, som er heilt uskuldeg og som alltid har gjeve han all den strømmen han vil ha. Jammen godt eg har dobbelt lag med strømpebukser.

søndag 21. november 2010

Sneak a peak a boo

Eg tenkte eg skulle åpne døra litt på gløtt, berre fordi eg likar soverommet mitt så godt. Så kan du få sjå korleis ein sånn som meg bur.

Lite, er eit ord som fint skildrar rommet mitt. Fullt, er eit anna.

På ein vegg heng alle korta mine, av og til dett dei ned men då heng eg dei berre opp att.


Mest av alt er det fine menn og kvinner frå gamledagar. Og ein kaffetraktar eller to.


Origamifuglar som held auge med bakgården, vaktfuglar altså.

Ein kveld spelte eg så fint på gitaren at det vaks eit tre utifrå veggen. Neidå, eg kjøpte det på søstrene grene.

I treet bur det mellom anna ein koala og ein legomann, og eit bilete av Hanne som ser ut som ein Hans eller ein Harry eller i alle fall ein gut. Sånn ellers har eg fire hjørner og hjarterom <3

torsdag 18. november 2010

Snømannsnø og løvetann

Eg trur at det ligg eit bittelite gen inni kroppen vår som passar på at me alltid lengtar etter noko. Det var det genet som fant på at graset alltid er grønare på den andre sida, så kvar gong me tenker at, denne kaka var jo god, stikk genet albuen sin i magen vår og seier: men du, sjå på den kaka der, den er nok MYKJE betre. Nett no lengtar eg etter skikkeleg snømannsnø, samtidig som eg lengtar etter å gå barbeint i graset og blåsa løvetann opp i himmelen. Sånn som her, i sommarhagen til Mathias (mathias befinn seg òg bakom kameret, om nokon skulle lura).

mandag 15. november 2010

Finfinfin mandagmandagmandag

Bollesmular på tastaturet, kjærast som syng fola blakken/material girl og den gode kjensla som eg veit er julestemning, alt for tidleg seier Hanne men eg seier berre gje meg meir pepperkaker. Apropos mat, i dag åt me makronar frå Sebastien Bruno og eg kjente at eg eigentleg berre ønsker meg makronar til jul.

Finaste augneblink: då eg vakna til melding frå eit av dei finaste menneska/syskenbarna, ho hadde fått ei lita jente i rakettfart. Eg kjente meg som tante Frøydis sjølv om eg berre er Frøydis.

søndag 14. november 2010

It's saturday night and I ain't got nobody

Men det er heilt feil. Eg har to fine kollektivvenninner, og sjølv om dei har lagt seg allereie så har eg dei. Eg har ei kvart marsipanpølse, ein halv pakke sjokoladeflarn, og fine bloggar å lesa på. Dessutan har eg ein kjærast som nett no stakk hovudet inn, verdas finaste hovud faktisk, ikkje dårleg berre det. Eg har nokon, fleire enn nokon, eg har mange! Og her har du den beste medinsinen eg veit for tunge dagar og nedovermunn. Eg tenker på alle eg har, og kor fine dei er. God helg då vel :)

torsdag 11. november 2010

Sommar i eitt minutt og førtito sekund

Mathias kan mykje rart, men han er ekstra god på å filma og klippa og lima. Eg er flink til å seia at han er flink, Mathias er flink. Og fin. Sjå berre!

tirsdag 9. november 2010

I gilmore girls er det alltid heilt magisk når snøen kjem

I dag hadde me quiz i fransktimen, eg fekk brifa med at eg kan den franske nasjonalsangen og det er jo ikkje kvar dag. SÅ KOM DET SNØ! Eg er ikkje eigentleg ein vintarperson, men eg er ein snøperson. Det høyres ikkje så veldig praktisk ut men det går an, eg lovar. Eg sprang på rimi og kjøpte mandarin, heime fant eg Alvilde, og så dansa me til julemusikk heilt til det slutta å snø igjen.

Litt kvardagsmagi berre.


Snø

lørdag 6. november 2010

Og langt der borte ligg Oslo

Eg har sendt meg vekk til Rena, her isolerar eg meg frå store byar og bæbubilar.


Og dansar i gangen, tjohei!

onsdag 3. november 2010

Grunnar til at vintaren ikkje treng gå og legga seg likevel

¤ Is på bakken, skøyter på føtene. Glede i magen.
¤ Kakao i koppen, fredag på tv og pledd på fanget.
¤ Gavar under treet, askepott på tv og marsipan i magen.
¤ Snø på trea, lue på hovudet, englar på bakken.
¤ BURSDAG

Vintaren kan me andre ord ikkje gå og legga seg enno. Han må i alle fall venta til etter jul.

søndag 31. oktober 2010

Hei sundag

Då eg la meg var eg Minni mus, men då eg vakna var eg berre Frøydis. Eg og Mathias åt frokost på åpent bakeri på damplassen i ullevål hageby, der er det fint, fullt av folk og sjukt mykje godt. Me tok t-banen til sinsen, av alle plassar, såg på fine statuar og spiste marsipan, eg elskar marsipan nesten meir enn alt og difor var eg over gjennomsnittet glad. Etterpå besøkte me Mette Amalie og Laila som har fått seg verdas finaste pus som heiter Mille, me leika og kosa og vaska oss. Så gjekk me ut av døra og inn ei ny, plutseleg var me sjå Mathias sine foreldre og dei mata oss til me ikkje orka meir. Avslutning: modern family og sure bildekk.

Sundag <3

torsdag 28. oktober 2010

Bildebok!

"Ho peika på Ceylon og viste ein pupp". Berre høyr på tittelen liksom. Ein fin kar med navn Sigmund Falch har funne fram ein drøss med bilete frå gamledagar, og skrive tekstar til dei. På nynorsk. Eg ler kvar gong eg les i ho, og no finns det to bøker til som er i slekt. Sjå på bilete under for å få ei djupare innsikt i kva eg fablar om.

herifrå

Så om du skulle vera ein sånn galning som handlar julegavar i god tid, her har du ein bra ein.

onsdag 27. oktober 2010

Om absolutt ingenting

Kollektivliv er eit fint liv. I dag har me åte potetbåtar med konditorfarge og snart skal me sjå Billy Elliot, eg blir aldri lei av Billy og Alvilde har berre sett han ein gong. Men fyrst er me flinke jenter og gjer skulearbeid, utanom meg for eg skriv blogg. Og et kjeks. Eg har nemleg ein regel om å ikkje studera om kvelden, og den held eg kvar kveld. Det er nok eigentleg den beste regelen eg har.

Dagens tips: ikkje pill deg i nasen om du nett har kutta chili.

mandag 25. oktober 2010

Politimester Frøydis






















Nemleg.

søndag 24. oktober 2010

Komle

870741074107401740

Dette er ei komle, og komler er kanskje det beste eg veit. I dag har eg åte så mykje komle at det ikkje er plass til meir, og difor er eg skikkelig glad. Eg har til og med ei komle i kofferten, den skal vera med til Oslo og så skal eg eta ho og vera glad.

lørdag 23. oktober 2010

Heim til mor

Seint på torsdag kom eg heim til Klepp, fekk knuseklem på flyplassen og eplekake til kveldsmat. I og med at Klepp ikkje er ein stad som alle har eit forhold til, tenkte eg å skriva ti ting som gjer at Klepp kan vera OK pluss av og til.

¤ Stillhet. Ein kan høyra når naboen lukkar døra.
¤ Vind. Fin å lena seg på, fin å høyra på når ein sit med eit teppe og ein kopp kakao framfor ein knitrepeis.
¤ Kleppevarden. Ein haug, eg har budd på han i 13 år, og ein kan sjå sjø og fjell om ein finn toppen.
¤ Nysgjerrige kuer.
¤ Familie. Best i verda.
¤ Sjø. Og strender, evig lange og frykteleg fine å gå på tur langs.
¤ Biblioteket. Ikkje eit uvanleg bibliotek, men litt mitt.
¤ Familiegarden. Med minner under alle steinane.
¤ Jærsk. Mitt språk, mi dialekt, min heim.

Det vart berre ni.
Vannari.

torsdag 21. oktober 2010

Ikkje kva bok som helst

Då eg og Mathias var i Paris skulle me vera flinke turistar og gå på Pompidou-senteret for å sjå på moderne kunst. Det gjorde me òg, i kanskje eit kvarter. Resten av tida var me inni ein heilt fantastisk bokhandel i botnen av bygget, der fann eg denne boka her.

Ho er full av superfine teikningar, og best av alt: ein får teikna i ho sjølv! På kvar side står det kva ein skal gjera, på fransk, så får eg øva meg litt.

Hihi, alle gavane er til meg!

Ingenting å gjere, teikn på armen din.

Eg fekk teikna øyrer og nase på ein mann, det likte eg.

Her kan ein snyta seg om ein har ein nase som renn.

onsdag 20. oktober 2010

Om du treng ein ny hobby, om det regnar ute, om rommet ditt ikkje er så fint som det kunne ha vore fordi du ikkje veit kva du skal pynta med.

Om du ikkje har prøvd origami før kan det vera at du har gått glipp av noko. Heldigvis er det ikkje for seint, ein kan kjøpa origamisett i bokhandlar og i butikken på teknisk museum, som no har seilt opp blant mine absolutt favorittbutikkar i Oslo (Sebastien Bruno, Bare Jazz, UFF, Sprell og TEKNISK MUSEUM). Om du allereie har ark i heimen er det eigentleg berre å setta seg ned med youtube, som har tutorials alle veiar.

Mathias og eg bretta for første gong på sundag, alt vart ikkje like fint men det høyrer med til historia at eg lo så mykje at eg nesten tissa på meg, og det er verkeleg noko eg vil at alle skal få oppleva. Her er nokre av kunstverka (ordet kunst er her brukt i sterk overdreven form):


Pingvinar.

Desse skapningane skulle eigentleg enda opp som froskar, men i mitt tilfelle (det lilla) skjedde det noko rart på veien. Hiphop-billa, kallar eg ho.

Svaner.

Augnestikkarar.

Berre eit lite innetips, no når verda er blitt så kald.