søndag 29. april 2012

Eit bilete som alltid får meg til å smila

Ein bitteliten Mathias. Han seier han var sjuk, eg seier han var søt.

tirsdag 24. april 2012

Fire ting å gleda seg til


Oslosommar med gras som sit fast i teppet og kinn som luktar solkrem. (berre litt til så er me der)


Gode ting som skal etas, og akkurat no helst ein cupcake med kokosflak eller lakris.


Kjekke menn med skinnjakke og blå bukser som kjem for å halda hand om eit døgn berre.



Ein haust full av musikk og gamle kjolar og kanskje ein heilt ny by i eit heilt nytt land men det tør eg ikkje seia høgt enno.

torsdag 19. april 2012

Torsdag

Sånn her er eg i dag; småsmilande og fornøyd med ny bluse på.

onsdag 18. april 2012

Alle gode ting er kafé

Kafélivet er eit fint liv, syns eg. Restaurantkaféar, bokkaféar, pubkaféar, fortauskaféar - eg er venn med alle! I det siste har eg fått ein ny venn, han heiter kafé Retro og er ein slags pubkafé med gamle lampar og hylleblomstsaft i hyllene.





Knabrostrædet 26

lørdag 14. april 2012

Kalimba!


Eg har kjøpt meg ein kalimba! Den lagar mjuke plingelydar, og har allerede trylla ein av klassekameratane mine i søvn. Mitt nye favorittinstrument, trur eg.

tirsdag 10. april 2012

Pølsehorn og lakrispipe

Eg spring framleis rundt og leitar etter dei finaste kaféane i København, og syns eigentleg at det går ganske bra! Det er litt som å vera liten igjen, og ha bursdagsselskap med skattekart og sjokoladekiste som er gøymd innerst i garderobeskapet. Berre at det ikkje nyttar å leite i garderobeskapet. Då Mathias var her sist var me flinke skattejegarar og fann Krummen & Kagen i Nordre Frihavnsgade på Østerbro. Me hadde trøtte loppemarkedføter og trengte nøyaktig eitt pølsehorn, ein solbærdrikk og ei lakrispipe. Jammen flaks!



søndag 8. april 2012

Hei på påsken

Eg har vore heima på Klepp i påsken, og har som vanleg fått treffa fine folk, helsa på små menneske som plutseleg kan gå, og eta godgod mat. På fredag var eg og mor på ein heilt fantastisk konsert, og i går kom eg tilbake til finaste København. Eg gler meg skikkeleg til å byrja på skulen att, og på onsdag skal eg synga klassisk! Det har eg ikkje gjort før, så det kan fort bli interessant. No skal eg sjå litt meir på Weeds, eta eit sjokoladeegg og kanskje lesa litt i den skumle boka eg har lånt i anledning påsken. Ferie = fint.