søndag 25. november 2012

5 grunnar til at regn ikkje er så gale likevel

1. Det trommar så fint på vindauget
2. Ein kan vera inne heile dagen utan å få dårleg samvittighet
3. Ein kan gå tur og bli blaut og kald, og koma inn til tørre sokkar og kakao
4. Dei fine raude/prikkete/blomstrete støvlane kan få lufta seg
5. Ikkje noko regn, ingen regnboge


lørdag 10. november 2012

Eg vil ikkje bli ein innegubbe (jo det vil eg)

I det siste har eg vore ein innegubbe, inne foran pcen og inne bak boka og inne under dyna. Men heldigvis kjem eg meg ut innimellom. Her er bevisa:

Dette er strengt tatt inne, men inne sjå nokon andre. Heimefest! Det kan eg lika.

Fin paraplykunst i sør ein plass som eg sikkert aldri finn igjen.

Øl og Andrew Bird-konsert. 
Om de ikkje har høyrt noko av han, anbefalar eg veldig ein kikk/lytt. 
For eksempel Danse Caribe, den er sånn passe mjuk og fin og hoppande.

Kaffikake og shortbread med sitron og bringebær på vintageloppemarknad.
Det var så godt at eg framleis kan kjenna smaken i munnen.

Lange armar på den fine kaféen som ligg nokre gater frå oss.

No skal eg vera innegubbe igjen, med salte karamellar, Game of Thrones, sofa og øl i dei lange glasa. Hurra!

lørdag 3. november 2012

Laurdag

I dag er det laurdag, men det kjennes mest som ein tirsdag. Mathias regisserar kortfilm på skulen, og eg prøvar å finna ut av ein frilansjobb som virker å vera litt over mi fatteevne. Då kjenner eg meg litt dum, men så hugsar eg at det meste går bra om ein berre øvar seg. Så eg øvar meg. Og tenker på fine ting eg gler meg til.
  • Å få besøk av dei beste Københavnvenninnene, og samen drikka masse øl
  • Billettane til Andrew Bird-konserten som står og smilar i bokhylla
  • At desember berre er ein månad vekke (julekalender, bursdag, Hobbiten!)
  • Å prøva ut den fine kaféen eg fann då eg sykla meg vekk
  • Å ha første bandøving med fire kjekke gutar
  • Å utforska meir av London med Mathias
  • Å laga noko ordentlig godt seinare i dag (snickerssnop eller innbakt pizza)
  • Å sjå fleire episodar av Game of Thrones for å finna ut om det er bra eller ikkje
  • Å ha kafédag i morgon, medan leiligheten vår forvandlas til kortfilmkulisser
  • Jul!