lørdag 17. september 2011

Home is where the heart is

Her bur hjartet mitt, og mathias sitt. I betongblokka som stikk opp av alle trea. Me har ikkje budd her så lenge, men eg syns me har fått det ganske fint!

Noko av det finaste er fiskebolla. Her driv Joakim og Anne-Lise med yndlingshobbyen sin. Symjing.

Globusen!

På kjøkkenet står søstrene grene bak nesten alt det fine.

Kjolane får henga ute og lufta seg, det trur eg dei likar godt.

I ei hylle står dvdane mine, mathias sine får ikkje plass på eit bilete, sidan han er ein filmnerd. Eg kjøpar berre dei eg likar aller aller best.

Noko eg aldri har hatt før: ei platesamling. Eg gler meg til å utvida ho!

I sommar fekk eg ein kommode av mormora til mathias sånn heilt utan vidare. Ho hadde tenkt å hiva han, men ga han til meg sidan eg ikkje klarte å gå forbi utan å stryka han.

Eg likar rosiner.

Ovanfor senga heng fine augneblinkar og litt historie på ei snor.

Spelehjørnet. Spelehydna, på dialekta mi.

Tenk, me har ein balkong! Den har morgonsol og utsikt til mange hundre tre.

Og oss då. Oss to i Oslo.

8 kommentarer:

Maren sa...

Så fint dere har det! <3

regndrope sa...

så fint det ser ut! og heldige dokke som har balkong med morgonsol :)

Tarja sa...

Så fint dåkke har det, Frøy!! :) skjønne godt at du kose deg!! Kjekt å lesa bloggen din, forresten ;) snakkes til jul?

Tarja sa...

Så fint dåkke har det, Frøy!! :) skjønne godt at du kose deg!! Kjekt å lesa bloggen din, forresten ;) snakkes til jul?

Frøydis sa...

Takk! Me er ganske fornøyde :)
Tarja: ja, jul! Nå er det så lenge sidan eg har har sett deg at det er heilt nødvendig.

Synne sa...

Oi, så fine bilder, det ser skikkelig koselig ut hos dere! Spillhhørne er viktig, hoho. Jeg gleder meg til å få globus, jeg også - de har slik sjarm (for ikke å snakke om at jeg ikke vet hvor alt ligger, hoho)!

Sandra sa...

Så fint dere har det :) Har lyst på globus jeg også, hihi. Og jeg tror nok jeg må finne fram noen brettspill igjen... :)

Amanda sa...

Eg blir glad når eg ser at du har Once i dvd-samlinga di. Fine, fine filmen. Når eg såg den fysste gongen måtte eg se an ein gong te. Med ein gong.