onsdag 15. september 2010

Dette ler me av på lingvistikk

Sidama er eit språk som blir snakka i Etiopia, litt her og der. Det er ikkje så rart, det rare kjem no. Dersom du er ein sidama-mann og snakkar til svigermora di, eller mens ho høyrer på, har du ikkje lov til å seie ord som byrjar med same lyd som namnet hennar. Altså, hvis ho heiter Silje, kan du til dømes ikkje seia sakkosekk, eller saft. Om du gjer det likevel er du frykteleg uhøfleg. For at ikkje livet som husbond skal bli altfor komplisert, finnes det difor eit ekstra sett med ord som ein kan ta i bruk rundt svigermor.

Lurt.

1 kommentar:

karina sa...

åherlighet, kor mykje må ein ikkje tenkje og sånt da? eg hadde garantert byrja med ein alla anna form for setning med minst fire bokstavrim på akkurat den lyden, berre fordi nervøsiteten låg i magen.

elles er etiopia ein fin stad, trur eg iallefall, for i norge kysser alle saman på kinna når dei møter kvarandre og det er i grunn litt hyggeleg gjort.