fredag 17. september 2010

Eit lite boktips på morgonkvisten


her

Nokre bøker kunne ha klart seg utan ein slutt syns eg, og berre fortsatt i det uendelege. Eller i alle fall ha hatt ein like spanande oppfølgar. Det har ikkje Darlah av Johan Harstad, men ho har alt det andre som gjer at ein bør lesa ho likevel. Ho er skummel. Eg les berre skumle bøker om eg har nokon som kan holda meg rundt magen etterpå og passa på meg. Då eg las Darlah brøyt eg min eigen regel fordi eg ikkje kunne venta. Tre ungdommar vinn i lotteri og får reisa til månen, månen er ikkje så fredeleg som han burde vera. Kort oppsummert altså.

Ingen kommentarer: