mandag 15. november 2010

Finfinfin mandagmandagmandag

Bollesmular på tastaturet, kjærast som syng fola blakken/material girl og den gode kjensla som eg veit er julestemning, alt for tidleg seier Hanne men eg seier berre gje meg meir pepperkaker. Apropos mat, i dag åt me makronar frå Sebastien Bruno og eg kjente at eg eigentleg berre ønsker meg makronar til jul.

Finaste augneblink: då eg vakna til melding frå eit av dei finaste menneska/syskenbarna, ho hadde fått ei lita jente i rakettfart. Eg kjente meg som tante Frøydis sjølv om eg berre er Frøydis.

3 kommentarer:

nattfisk sa...

når eg las denne teksten her, innsåg eg at folk flest faktisk er normalt oppgåande. det har lite med denne teksten og deg å gjere, men eg tenkte no eg kunne nevne det, liksom, gje deg litt av ære for openbaringa.

Gaute sa...

Eg like bloggen din, Frøydis.

Frøydis sa...

No kjende eg meg ganske beæra, hurra! Fine ord frå fin fisk :)

Hei Gaute, eg reknar med at du er den eg trur du er. Og takk