onsdag 5. mai 2010

Tre ting

Eg har gjort ein observasjon frå ei bru. Trikken er ikkje blå oppå sånn som han er på heile resten av kroppen, for han har ikkje noko lokk. Kven har tatt av lokket?

I ein av garderobane på treningssenteret der eg går for å bli raud i kinna er det nokon som har skrapa vekk nokre av bokstavane på døra. No står det: Takk for ølet, velkommen igjen. Det synes eg er frykteleg morosamt.

3 kommentarer:

Martotopia sa...

tusen hjartleg takk! Oi, er ikkje heile trikken blå? dette må eg sjå nærare på til helga.

eirinsurr sa...

jeg er dum tror jeg, og lurer nå fælt på hva de tre bokstavene var. OOOg jeg det var jo bare to ting, eller er jeg enda dummere?

Frøydis sa...

Det skulle eigentleg bli tre ting, men så vart det eit bilete i plassen. Eit bilete er vel ein slags ting på ein måte? Og så forstår eg ikkje heilt kor du har dei tre bokstavane frå, så no er eg og litt dum.