onsdag 19. september 2012

5

Av og til tenker eg at eg må vera den heldigaste som fins. Som får vakna opp på sida av ein varm kropp kvar dag, som i tillegg er den kroppen eg likar best i heile verda. Å vera bestevenn med kjærasten sin er ein veldig bra ordning, truleg den beste ordningen eg har fått i stand nokon gong. I dag er eg ekstra glad! Då eg vakna kribla det i magen, og nokre minutter seinare satt det ein kaninlampe i senga og kikka på meg. Frå deg, du som støttar meg og tørker tårene mine og ler av meg når ingen andre syns eg er morsom. I dag har me vore saman i fem år, og det kjennes betre enn alt. Hurra!

  

8 kommentarer:

Ane sa...

Å, så fint å lese! Nyt dagen med hverandre :)

Maren sa...

Sukk, fine kjærligheten. Håper dere får en veldig bra kjærestedag sammen!

Regnboge sa...

Åh, so fint! So bra når ein kan ha det so fint ilag.

Ine sa...

Fininger! Gratulerer med femårsdagen!

samovaren sa...

gratulerer med 5 år! hurra ganger 5 og mangemange smil til dere!

Frøydis sa...

Tusen takk! Me feria med restaurantmiddag og byvandring og Six feet under. Heilt klart ok+ :)

eirinsurr sa...

i, så flott! gratulerer

Katrine sa...

Åh! det innlegget traff meg rett i magen. På en veldig fin måte :) Dere er fine!
Og du setter så godt ord på den fineste kjærligheten som finnes.. Du får meg til å smile!