søndag 13. februar 2011

Om å vera vanskeleg

Av og til er eg frykteleg vanskeleg. Eg seier nei og rullar meg saman i ein liten ball og kikkar på navlen. Då kan det vera litt vanskeleg å vera kjærasten min. Heldigvis er ikkje kjærasten min kven som helst, men faktisk så snakkar me om bestevenn nummer éin, som veit korleis eg tenkar. I alle fall ganske ofte. Men av og til veit eg ikkje korleis eg tenker sjølv ein gong, litt som om hjernen gløymer å gje beskjed om kva han driv med, og berre turar i veg. Då kikkar eg på navlen.

I dag kikkar eg ikkje på navlen, eg kikkar på verda. Fin og kvit er ho.

White Jacaranda

Ingen kommentarer: