onsdag 1. desember 2010

Eksamensmodus

Eg har øvd meg på å ikkje stressa før eksamen i mange år no, og ganske ofte får eg det til. Her er mine tips til korleis ein kan ha eit fint liv sjølv om det ligg ein eksamensmurstein på kvar skulder.

o Søvn er nøkkelen til alt som er fint og til produktivitet. Om du legg deg seint får du lov til å stå opp litt seinare.

o Om du blir stressa fordi det er sjukt mykje du ikkje har gjort; hugs at det ikkje hjelper noko som helst å bekymra seg. Prøv å slappa av når du slappar av.

o Lag ein plan. Det gjer sikkert dei fleste, men eg seier det lell.

o Sett av tid til å gjera ingenting. Bruk ho til å sjå på snøen, drikka kakao og høyra på musikk som treff deg i magen på ein fin og beroligande måte.

o Ta mange pausar! Det finns ein leseteknikk som heiter pomodoro der ein jobbar 25 minutt om gongen, med pausar på 5 minutt imellom. Og stoppeklokke.

o Sjølv om det fristar; ikkje isoler deg heilt dei timane du har fri, treff fine vennar og snakk om andre ting enn eksamen.

o Sist og viktigast; det er berre eksamen. Med trykk på berre.

(Lykke til)

1 kommentar:

karina sa...

eg har skrive, skrive, lese, lese og førebudd meg på eksamen nokre gonger for mange. i år gidd eg berre ikkje. eg las to dagar på den eine eksamenen, og fekk berre tid til å lese ein dag til den andre. sånnsett føretrekk eg fine helger med klemmar og gode menneske, framfor timar med pensum eg allereie har pløya gjennom. eg hadde flaks og favør i dei førre oppgåvene, men er bekymra for den siste og endelege, men med enno mindre lyst til å lese. huhei!