onsdag 1. september 2010

Dans oppå bordet

her

I morgon byrjar eg på ballett, 21 år gamal. Eg og Solveig. Me kan ikkje dansa ballett, og eg kan eigentleg ikkje dansa på nokon andre måtar heller. Unntatt kanskje på den fulle måten. Det seier seg nesten sjølv at i morgon kan bli ein morosam dag, om ein meiner at morosam og flau er synonym, noko eg gjer. For å forbereda meg har eg høyrt på klassisk musikk og øvd meg på å setta håret opp i ein topp. Det har eg sett at dei gjer, dei som kan ballett.

Ps. håpar eg får vera svane.

3 kommentarer:

Marlou sa...

:) kult! jeg liker når mennesker prøver seg på nå nytt, selv om man kanskje ikke er så ung lenger. lykke til!

Eirin sa...

ææ, så morro! lykke til masse! selv er jeg drøy på å stoldanse. det vil si danse sittende. (ikke danse med stolen, sånn som alle musikkvideosyngedamer på tidlig2000-tallet gjorde)

Frøydis sa...

Å, men det hadde vore enno kjekkare om du hadde vore god til å dansa med stolen, tenk for eit bra partytriks! (eg har berre eit partytriks, men det virkar ikkje for ingen høyrer kva lyd eg lagar)