tirsdag 21. september 2010

Boble

Eg bur i ei boble. Ho trillar meg rundt omkring, og av og til må eg springa for å halda tritt. Kvar dag passar ho på at eg ikkje får vondt, det har ho gjort i tjueein år, og eg har nesten aldri trongt å reparera ho. Eg har rulla over nokre småstein, det hender at det humpar men det går alltid bra, eg trør litt hardare og trillar vidare. Eg har aldri brukke bein, blitt stukke av veps, det er ingen som har dødd frå meg og eg har aldri hatt kjærleikssorg. Eg er så heldig at eg nesten ikkje veit det sjølv, og så ofte eg kan tenker eg på alt det fine og seiar takk, takk for at eg har fått ei boble som er så sterk.

Likevel er eg er redd for spikrar. 

4 kommentarer:

Eirin sa...

å, fint. gi meg en.

Liv sa...

Åh, dette var fint skrevet. Jeg er litt misunnelig. :)

Alvilde sa...

du skriver så fint,så fint!

Frøydis sa...

Åh, takk snillingar!
Eirin: trur det er dritdyrt liksom ;)