søndag 16. mai 2010

Sundagsmorgon


kjelde: photobucket

Å stå opp først, krølla seg saman i ein ball og eta snop til frokost. Det er heilt stilt ute, eksamen fins ikkje men det regnar, for det regnar. Å tenka på ting langt framme som skal bli finare enn alt som er bak, men vita at no er ikkje så verst om ein berre kjenner etter på dei rette plassane. Ikkje seia eit ord på mange timar, berre synge same linja frå ein sang som ein ikkje kan, om og om og om att.

6 kommentarer:

Hanne sa...

Kan eg tippa på "Hjalmar slutta skolen i fjerde"?:-)

Frøydis sa...

Hah, nei!
Dessutan trur eg ikkje han slutta.

Hanne sa...

Ka gjorde han da?:-P

Frøydis sa...

Eg trur eigentleg berre at han gjekk på skulen. Kva slags barnesong handlar om barn som sluttar skulen allereie i fjerde klasse?

Hanne sa...

Begge har visst rett:-)

Hjalmar
Hjalmar gikk på skolen i fjerde
Rocka som Elton John
Trodde han (trodde han)

Hjalmar
Hjalmar han lot leksene være
Synes selv han låt som en engelskmann
Når han sang
Ropte han

Ååååå, yug gatta rapsuly take aly
Ååååå, when yu brekandan se gobay (se gobay)
Heey, coman sipy an bickering
Takin me boy, rapsoly toy
Looseri love, you have fickeni moo

Hjalmar
Hjalmar slutta skolen i fjerde
Reiste fra norge til england (england)

Frøydis sa...

Oi! Uventa slutt! Bra Hanne ;)
Og så ante eg ikkje at refrenget (eller kva det er) var så morosamt, tihi