mandag 18. juni 2007

Rasjonalisme gå heim og vogg

Nå er klokka 23:23. Eg synest 23:23 er eit fint tidspunkt. Berre synd eg gjekk glipp av 22:22, og at 24:24 ikkje finnest. I Frøydisland kor alt er mogleg er klokka 24:24 rett som det er, og der skal eg i alle fall ikkje på jobb i morgon. I Frøydisland er det fredag, og eg sit og et tapas og drikk rødvin saman med Solveig og Hanne i Spania. For Spania finnest i Frøydisland og. Nå har eg tenkt å klypa meg litt i knehasa, for så å vakna opp i Vanligland kor eg skal gå å leggja meg. Først må eg berre eta litt meir tapas.

Drøym søtt :o)

5 kommentarer:

Hanne sa...

Woho, eg glede meg te Spania og tapas med deg, Frøy!
Men du.. Ka skjedde med at mai va engelsk-måneden på bloggen?!?:-P

Frøydis sa...

eh, eg droppa den ideen littegrann. Nynorsk e jo tross alt litt kulare ;)

aksel sa...

lykke t i spania folkens, komme t å savna dokk, ta ein ekstra slurp herrlige spanske solvarm rødvin for meg så snakkes me.

hanne sa...

Absolutt, Aksel! Og når me komme hjem e eg SÅ klar for film og musikkveld med dokk;-)
Me må få te ein grillkveld og, me på d?

aksel sa...

: )