fredag 22. mars 2013

8

Eg fekk ein dytt frå Ragnhild som utfordra meg til å skriva åtte sanninger om meg sjølv. Det kan eg klara!

1. Eg er einebarn, og det har resultert i at eg er ekstremt god til å vera aleine på kafé, og ekstremt dårleg til å dela snop med andre. Spesielt smågodt.

2. Eg har to personlighetar. Frøydis og Svoltne Frøydis. Sistnenvte er ikkje noko særleg.

3. Då eg var lita ville eg vera ein gut og heitta Martin. Det blei ikkje noko av.

4. Ein dag skal eg bu i Paris. Det har eg bestemt, for kvar gong eg reiser til Paris føles det som om heile byen foldar seg saman og gjer meg tidenes beste klem.

5. Eg har ein tendens til å vera redd for at folk skal synast at eg er keisam. Det er ganske keisamt.

6. Eg har ein litt skranglete hukommelse. Det betyr at eg kan bli overraska over den same tingen to gonger på rad. Av og til tre.   

7. Eg syns at sjokolade gjer verda betre.

8. Om fem dagar reiser eg til Berlin. For å treffa nokon av dei beste som fins, og for å helsa på ein by som eg aldri har møtt før. Heilt sant.

tirsdag 19. mars 2013

Besøk og baluba

 
Sist veke hoppa forbi med sjumilsstøvlar, samtidig som ho var full av fine augneblinkar. Me fekk storslagent foreldrebesøk, åt god mat og fekk gode klemmar. Denne veka ser ut til å bli like fin, med ballett og ølsmaking på programmet. Og masse jobbing. Det er rart å jobba fulltid etter å ha vore student i så mange år, men det er jammen ikkje så verst heller. Hurra for optimistiske mandagar!

søndag 10. mars 2013

Sundagsglede 4#

Å dra opp rullegardina om morgonen og kikka ut på dette.

fredag 8. mars 2013

Til oss

I dag er ein fin dag for å synga denne sangen, for å sjå denne filmen, og for å seia hurra! Me er bra!

lørdag 2. mars 2013

Ein, to, tre, seks

No har eg budd eit heilt halvt år i London. Det er rart å tenka på, samtidig som det er fint. Eg tenkte å visa nokre av tankane eg har tenkt i løpet av dei seks månadane, i notatboksformat (og kjent som tidenes format!).